I utkanten av Bisjkek bur omlag 130 barn på Voenno-Antonovka barneheim. Majorstuen og Oslo Rotary har saman med si systerforening i Bisjkek vore trufaste støttespelarar for barneheimen i fleire år, og med støtte på i alt 3 375 000 kroner frå UD har Rotary etablert eit yrkesopplæringssenter ved barneheimen. Når dei skal ut i livet på eige hand betyr det mykje for framtidsutsiktene til den enkelte å ha praktiske ferdigheiter med seg på vegen. I eit nytt skulebygg utdannast det no unge skreddarar, frisørar og bakarar.
Stolte barn og unge feira opninga av yrkesopplæringa ved Voenna Antonovka.
Det var stolte ungdommar som møtte ambassadør Dag Halvorsen og ein stor delegasjon frå Majorstuen, Oslo og Bisjkek Rotary på opninga 13.09.2011. Nyklipte og med sjølvsydde kjolar ynskte ungdommane velkomen med motevising, omsyning i skulebygget, og sang og dans.
16.09. møtte ein Rotary-delegasjon leidd av Nils Dannevig Kirgisistans president Roza Otunbajeva. Presidenten har sjølv nyleg besøkt barneheimen, og uttrykte sterk støtte til prosjektet. Rotary kunne også fortelje presidenten om trinn to i prosjektet: bygginga av eit hybelhus for dei unge som flyttar frå barneheimen og skal prøve seg i arbeidsmarknaden.
”Utdanning er ikkje berre ein verdi i seg sjølv, men også ein viktig reiskap for å motverke økonomisk og sosial marginalisering,” sa ambassadør Halvorsen under opninga. ”Ved å gje ungdom tilgang til utdanning gjev ein dei ikkje berre midlar til å frigjere seg frå økonomiske problem og til å delta i samfunnet, men ein bidreg óg til utviklinga av eit rikt og demokratisk sivilsamfunn.”
Du kan lese mer om møtet med president Otunbajeva samt se bilder på presidentens nettsider.